søndag 6. september 2015

#nattinaturen - Vi sover ute, 5 september - Friluftslivets år 2015

Vi gjekk inn i 2015 Friluftslivets år med litt ekstra yre skritt, forventninger, tiltakslyst og mange gode planar. Detta var GØY, akkurat noko i "vår gate". 

Knallbra var det rette ordet. Dette måtte vi bare delta aktivt på. Ut på tur, aldri sur :)
Både dameturer, familieturer, venneturer og eneturer.

Det var nok ikkje slik at Friluftslives året liksom greide å pirra liv i ei godt glømt og nedgravd spira til friluftsliv, som no akkurat fekk nok inspirasjon til å spire.
Neidå, friluftsliv, teltturer, fjellturer, bålbrenning og turkort hadde vore møteplass og rekreasjonsarena for oss damene over mange år.

Vi skal IKKJE skryte på oss stort tempo, dei høgaste tindane på kortast mogleg tid, eller ekstremsport. Vi er nok ikkje av dei mest aerodynamiske i fasongen, og vi kan nok ikkje skryte på oss spenst og smidighet. Vi er ikkje av dei som tek treningsturen springende opp lia mot fjelltoppen.  Neidå, vi er vel heller i gata Naturnytere, som på vår beskjedne måte tusler avgårde med sekk på ryggen, fotoapparat handa. Herligt!!!!

Teltturen

Det har blitt nokre teltturer i år. Etter litt telling på fingrene, og fotokikking attende i tid,  kunne eg oppsummere med 11 netter i telt frå januar fram til og med den 22 august. Så sjølvsagt skulle vi sove ute den 5 september også!

Laurdag ettermiddag la to damer i veg mot Blådalen. Bilane var fullpakka med, lavvo, kle, ved, stormkjøkken, pinnebrød, soveposar, kortstokk, sjokolade, lommelykter, ullkle, rett i koppen, og mykje meir......

Målet var å parkere bilen, gå inn til eit flott vatn (som eg ikkje greier å hugse namnet på akkurat no....), slå leir og riktig nyte kvelden. Utfordringa var faktisk om vi greide å få med oss at i ei vende, eller om vi måtte gå fleire turar. Sekkane var blytunge, og vedsekken og lavvoen måtte vi bera i hendene. Men som damer flest går vi helst ikkje fleire turar en vi å...... Jammen greide vi å få med oss alt nedover myra, og over berg, og innover skog.

Vi fann oss ein fin plass ved eit vatn og i nærleiken av ei elv. Her var det fint.

Neste utfordring var å slå opp lavvoen. Dette var fyrste gogn vi to damene skulle sove i lavvo. Telt var vi godt vane med, men lavvo utan bruksanvisning, med golv som skulle festast. (som Anita sa: dette burde vi googla, eller sett på youtube)
 Høyres nok ut som ei lett oppgåve......jadå, det er nok det for alle som har gjort det før. Lavvoen kom fort og greit opp, med golvet verka ikkje å passe.....? Vart mykje mikk og makk, før Anita tok fram den logiske sida og byrja organisere, bruke logikk, og sunn fornuft. Jammen fekk vi og golvet til å passe, og det i grevens tid.- Mørket senka seg over leirplassen vår.



Tid for bål, pinnebrød og hygge. For ein vakker kveld. Ein heilt fantastisk stjernehimmel senka seg over oss. Å sitte på fjellet i lyset av bålet og kikke opp på stjernehimmelen er ein opplevelse i seg sjølv. Ingen plass er stjernene så klare og mektige. Rett og slett magisk og vakkert.








Med natta kom og nattekulden. Tida for å krype inn i lavvoen var komme.

Skal sei! Dette var saker. Norsk fjellstue er tingen. Her var det knallgodplass. Koselig og lunt. Eg hadde for anledningen kjøpt meg ny oppblåsbar madrass. Så etter jenteprat og chips eting var vi klar for natta. Spente på om kom til å få sove, eller kor mykje vi kom til å sove. Erfaringsvis pleier teltlivet ikkje by på så mangen timar søvn.




Men eg kunne konstantere at eg låg svært godt. Madrassa var nydelig god. Sovna som ein stein, og våkna ikkje før i femtida for å gå ein tur ut på do. La meg ned å sov vidare til rundt 10.00. Anita hadde vore tidligare våken, og hadde alt hatt seg ein tur ut rundt lavvoen. Eg hadde virkelig hatt ei god natt. Lavvo, og oppblåsbar madrass er tingen. Her kunne eg faktisk vore fleire netter.








Sola kikka litt fram mellom skyene. Det var ein nydelig dag. Frukosten laga vi oss ute i det fri. Rett i koppen, solbærtoddy, kaffe og kakao med krem.. Snadder! Før vi pakka ned lavvoen gjekk vi oss ein tur og kikka oss rundt i fjellheimen. Den eine flotte naturperla etter den andre dukka opp. Skal seie vi har ein fin fjellheim. Her er det godt å hente energi til kvardagen.














Så var det tid for returen ned igjen til sivilasjonen. Planane for neste lavvotur er alt lagte. Blir nok fleire telt og lavvo turar før Friluftslivets år er omme, både aleine, saman med venner og familie.
Verkelig å anbefale.

Flott tur!

lørdag 9. mai 2015

To floger i ein smekk...

...fekk vi til i dag :-)

Eit og anna år får eg det for meg at i år, ja, i år skal eg slå til med ein blomsterpryd ingen har sett makan til! Eg har ikkje berre grøne fingrar - heile meg er grøn! Og eit slikt år ser det ut som om det skal bli i år. Og når eg får dette over meg er det sjølvsagt ikkje roser og tulipaner det går i - nei, eg må sjølvsagt starta prosjekter eg innerst inne veit kjem til å gå dundrande ad dundas...

Det byrja for nokre vekre sidan - eg stod med ein avocadostein i handa og tenkte at "denne må det vel gå an å gjera noko med?". Så eg entra Youtube og vips så hadde avocadosteinen fått både vatn og tannpirkarar i sida... Og når eg fyrst var i gang - kvifor ikkje prøva å planta eit limetre?? Etter å ha kjøpt kilovis med lime og drukke litervis med heimelaga limejuice (det er faktisk veldig godt når du blandar med appelsin, sitron, epler og ananas), kor eg framleis ikkje hadde funnet ein lime med stein i, tok eg til takke med sitronsteinar... Inn på Youtube igjen og vips så låg sitronsteinane tulla inn i kjøkenpapir i ein lukka pose...

Eg hadde heilt gløymt at det var eit limetre eg ville planta då det - yohoo - brått ein dag seinare dukka opp ein lime med steinar! Då var det fram med kjøkenpapir og pose igjen, så no ligg desse i pose medan eg ventar på at dei skal spira :-)

Avocadosteinen skjøna eg fort at ikkje kom til å bli noko av - eg hadde nok vore uheldig og øydelagt den med kniv allereie då eg opna avocadoen. Men då eg les i avisa i går at avocadoen er utryddingstrua pga tørken i California tenkte eg at her må Anita trø til og redda avocadoen - så då var det heim og "planta" to steiner til. Eg kjem heilt sikkert til å ta knekken på dei på ein eller anna måte, men mangel på vatn kjem det i allefall ikkje til å vera...

Så no har eg eit heila prosjekt gåande i kjøkenvindauga:

Avocado- /sitron- og...
 
....limetreprosjekt :-)
 
Men eg gjer meg jo ikkje med dette - no har dei grøne fingrane fått bein å gå på... Så når Ann Irene ville på tur i dag - riktig nok til Bremstølen eller noko slikt - fekk eg vridd ho over på ein tur til gartneriet i Rosendal fyrst og så tur inn til Myrdalsvatnet. Og slik blei det - der av overskrifta to floger i ein smekk, om nokon skulle lura..
 
Nøgd og glad med blomsterjord, jordbærplanter og diverse i bilen, køyrte vi til Klette for å gå tur inn til Myrdalsvatnet.
 
Vi valgte den lysegrøne løypa i dag og :-)
 
Det er veldig greit med slike påminningsskilt langs turvegane. Ann Irene såg på skiltet, så såg ho på meg, og til slutt forsvann ho i ein rasande fart...
 
...nedover vegen att mot bilen.
 
Så der stod eg då, einsam og forlatt og kikka på dyrelivet rundt meg medan...
 
...eg venta på at Ann Irene skulle dukka opp att. Og det gjorde ho - denne gang med hund! Frikken var veldig glad og nøgd over endeleg å ha fått sleppa utav bilen ;-)
 
Det er heldigvis framleis mykje...

...snø på Melderskin, slik at eg slepp finna på all slags moglege orsaker for ikkje å gå opp der...
 
Det er veldig fint å gå inn til Myrdalsvatnet. Fin grusveg heile vegen, litt ope landskap og litt skog, litt oppover, men mest innover og ikkje særleg krevande. Men det er eit stykke å gå, så det kan bli litt langdrygt kanskje..
 


Men når ein kjem inn så er det jo riktig så...

...idyllisk.

Ann Irene og Frikken har nådd Myrdalsvatnet.

Myrdalsvatnet - Gygrastol midt i mot. Det er jo og eit turmål som framleis står på lista vår :-)

Riktig så vakkert :-)



Her går vel nausta bokstaveleg tala....

....i eit med naturen.
 
Vi hadde ei lita nistepause ved vatnet. Men det er ikkje heilt sommar enda, så det gjekk ikkje så lange stunda før det byrja bli litt kaldt å sitja i ro og då var det på tide å byrja på tilbakevegen.
 



Både på opp og ned...

...må ein gå forbi denne fine stølsplassen.

Marit, som starta turen ei stund etter oss, nådde nesten inn til Myrdalsvatnet før ho tok oss igjen.
 
Vi måtte la ho få ein liten pause på tilbakevegen og :-)
 
På veg opp hadde vi lagt merke til den fantastisk flotte blomsterenga ved Alvsgården. Her måtte vi beint fram stoppa på veg heim og fotografera litt:

Malmangenuten.

Alvsgården.

Fantastisk...

...blomstereng :-)

Ja, det blei ein fin tur i dag, med ein fin avslutning. Vi kan vel anbefala folk både turen til gartneriet og til Myrdalsvatnet :-)



 


fredag 1. mai 2015

Fredag 1 Mai, litt skyer, sol og klar for tur

Aktiviteten på Naturbarnas turblogg har ikkje vore av den aller største den siste tida..... her kunne eg tydd til ei kvit løgn og hevda at det kun skuldast at vi ikkje har hatt tid til å skrive blogg innlegg, og at vi damene sjølvsagt har gått plenty med turar saman. 
Er vel best å innrømme at det ikkje har blitt så veldig mange turar saman etter jul, men dei turane vi har hatt har vi levd godt på i lange tider. Kvar tur har vi avslutta med at det ikkje skal bli lenge til vi tek neste tur saman. Det har likevel vist seg at å samle alle tre damene kan vera vanskelig. Tre damer med travle kvardagar, og mange jern i ilden. Vi har erfart at det ikkje er like lett å få samkøyrd fritida vår alle tre.  Det betyr ikkje at vi ikkje har gått turar kvar for oss,eller bare to av oss, eller saman med andre,  både på beina, på truger og på ski. 

Så når fyrste mai arbeidsfolket sin dag sto for døra, og yr.no lova opplett, 8 plussgrader, litt skyer og sol var eg rask med å sende melding til Anita og Marit:
Hei damer. I morgon er det 1 mai, og sol frå kl 12.00 og utover. skulle vi nytta dagen til tur til t,d, Vardhaugselet? Eller eit anna turmål? 

Eg hadde sjølvsagt gløymd at Marit hadde ein avtale, men Anita var klar til tur. Anita har og ei spreke kusine som aldri hadde gått til Vardhaugselet før. Så når kusine Lene ville vera med oss på tur, syntes vi det var kjempe koselig og kjekt. 
Vi avtalte å møtast ved søstreheimen på Valen kl 10.30.

Fredag morgon starta med skyer og regn. I sekken vart det pakka regnklede, varme klede, niste, drikke og rett i koppen. Var ikkje akkurat dette været eg hadde tenkt meg på turen, men yr hadde lova sol utover dagen. For ein gangsskuld holdt yr ord. Då eg parkerte bilen ved søsterheimen var sola kikka fram innimellom skyene, og regnet var vekk. 
Vi hadde ein hyggelig tur opp til Oldreboten, vårt fyrste stopp på vegen. Praten gjekk lett, i motsetning til beina mine. Skal seie føtene mine var tunge opp lia. Eg var glad for at eg hadde valgt ein lett tur å gå.
Det var på høg tid å komma seg ut i terrenget å bevege kroppen. Etter ei travel veke, med lite mosjon gjorde dette godt, og var tydeligvis heilt nødvendig for ein kontorkropp. Eg lova meg sjølv på veg opp lia at no var det på høg tid å ta opp igjen gode tur- rutiner. Det var nok Frikken (hunden min) og enig i. Han hoppa og spratt i rein glede over at endelig fekk han seg ein skikkelig tur opp på fjellet, istaden for asfalt- traving. 

 
utsikt frå Olderbotn

Frikken tek seg ein kvil i bakken ved Olderbotn hytta
Damene i fin driv inn på fjellet
Ein kort drikkestopp på Olderbotn, så la vi i veg vidare opp lia. Ikkje lenge etter opna fjellet seg framføre oss. Nydelig. Samstundes bestemte sola seg for å vinne kampen med skyene på himmelen. Likevel var det ein kald trekk i lufta. Men absolutt vakkert: 

Vegskilje. Fyrst til Vardhaugselet, etterpå Nordfjell 

Flott utsikt på veg opp


 Vel framme ved Vardhaugselet blåste det godt, og meir kle var heilt naudsynt. Niste pausen vår vart veldig kort. Her var det alt for kaldt å sitje i ro, sjølv med sola framme.

Frikken kosar seg i snøen

Damene har nistepause ved Vardhaugselet

Flott utsikt, men iskald vind

Utsikt mot Manen

Etter ein kort matpause gjekk vegen mot Nordfjell

Varden på Nordfjell. Fantastisk utsikt mot Halsnøy, Stord,......

.....Husnes

....mot Vardhaug og Vardhaugselet
innover Hardangerfjorden og Onarheimslio.....
Husnes og Sunde 
Ei Sporty Anita på Nordfjell




Godt merka turløyper

Etter stoppet på Nordfjell, med fotografering og namneskriving i boka, bar vegen ned frå fjellet. Vi var enige om at dette hadde vore ein flott tur trass i kald vind. Ein tur å anbefale alle!

 Turplanane for resten av helga er lagt, og eg ser fram til nokre fleire fine turar før helga er omme.


Blogg skrivaren denne gongen ;)